Lån e-bøker

Lån kor du vil, når du vil! Last ned appen BookBites på Google Play eller App Store, og du er i gang!

Biblioteka i Vestland har ei felles samling med e-bøker og tilbyr appen BookBites som gjer det mogleg for alle biblioteka å låna ut e-bøker til brukarane sine. Seksjon for bibliotekutvikling organiserer dette tilbodet for biblioteka. (Bergen har si eiga ordning, og er ikkje med i fellesløysinga.)

Lån av e-bøker – BookBites

Du kan enkelt låna e-bøker frå biblioteka i Vestland. Alt du treng er BookBites-appen, lånekort og pinkode. Då får du tilgang til fleire tusen e-bøker, og får same tilbod uansett kva for kommune du bur i. Det er gratis å låna bøker både på biblioteket og i BookBites-appen!

Korleis gjer eg det?

  1. Du treng epost-adresse og lånekort. Har du ikkje lånekort, får du det på biblioteket.
  2. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
  3. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
  4. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket.
  5. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les eller høyr.

Treng du hjelp?

Dersom noko går gale, kan du kontakte det lokale biblioteket ditt for å få hjelp.

Denne artikkelen er henta frå Bibliotekutvikling Vestland.

Dame som les ei e-bok på nettbrett. Foto

E-bøker passar for alle som liker å lese.

Mann som les ei e-bok på nettbrett. Foto

E-bøker passar både for liten og stor.