Digitale aviser og tidsskrift

Vi tilbyr deg aviser og tidsskrift i komplett digital utgåve via PressReader. Du kan lesa på nettbrett, smarttelefon eller datamaskin. PressReader har magasin om foto, hage, helse, historie, mat, teknologi, vitskap og mykje meir.

Heime

No kan du bruka PressReader heime! Du må ha eit lånekort og pin-kode for å bruka tenesta. Brukarrettleing for bruk av PressReader finn du heilt nederst på denne sida. Tenesta fungerer berre når du er logga på med lånekort og pin-kode i bibliotekkatalogen. Vi har to ulike løysingar, ei for Hovudbiblioteket og ei for Eikelandsosen. Velg den du ønskjer.

Bjørnafjorden bibliotek Hovudbiblioteket har løysinga i nettlesar.

1. Logg på med lånekortnummer og pinkode i katalogen ved å trykka på denne lenka.

2. Scroll ned på sida til du finn «PressReader» i menyen til venstre. Klikk på «PressReader», og du er pålogga. Knappen er berre synleg når du er logga på med pin-kode og lånekort.

Bjørnafjorden bibliotek Eikelandsosen har løysinga via Bibliofil-appen på telefon og nettbrett, eller frå Bibliofil på nett.

Bruk oppskrifta nedanfor. Bilda er henta frå nett. I appen vil det sjå annleis ut.

1. Logg inn med lånekortnummer og pin-kode via Bibliofil på nett ved å klikka her, eller last ned appen i App Store eller Google Play.


2. Trykk på knappen «mer…» øvst på sida for å få opp meny på nett. I appen må du velgja Meny.

3. I menyen kjem alternativet «Logg inn i Pressreader,» trykk her og du er i gang. I appen må du trykka på «Digitale tjenester» før PressReader kjem opp som val.

 

Logo

 

På biblioteket

Brukar du ein av biblioteket sine datamaskinar, eller eigen maskin på biblioteket sitt nett, vil du finna tenesta på https://www.pressreader.com/. For mobile einingar finst det ein app du kan lasta ned gratis frå AppStore eller Google Play.

Brukarrettleing (pdf)