Digitale tenester i biblioteket

Slik brukar du biblioteket når det er stengt. Nokre av våre digitale tilbod krev lånekort og pinkode, her kjem ein oversikt over korleis du kan få lånekort og pinkode.

Hovudbiblitoteket og biblioteket i Eikelandsosen har i dag to ulike biblioteksystem. Dersom du ikkje finn rett katalog, send oss ein e-post, eller ring Hovudbiblioteket.

Manglar du pin-kode på Hovudbiblioteket? Klikk her.
Manglar du pin-kode ved Eikelandsosen? Klikk her.

Dersom du har gløymt lånekortnummer, eller ikkje får pin ved å bruka metoden over, send oss ein e-post til: bibliotek@bjornafjorden.kommune.no

Har du ikkje lånekort, registrer deg og/eller barna dine på nett. Les meir ved å klikka her.

Gratis bøker, aviser, tidsskrift

Lån e-bøker og e-lydbøker med appen BookBites. Last ned appen i Google Play eller AppStore, og logg inn med lånekornummer og pin-kode.

Sjå dokumentar- og kortfilmar filmbib.no, du må ha lånekort og pinkode for å bruka tenesta.

Lesekroken.no: Eventyr på mange språk, musikk og aktivitetar. Logg på med passordet: hokuspokus

Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket tilbyr mange ulike gratis tenester, du treng ikkje lånekort for å bruka desse.

Les bøker, aviser, sjå gamle reklamefilmar og digitale litteraturarrangement med meir. Berre klikk på lenka her.

Verdsbiblioteket

Her kan du lesa e-bøker og e-lydbøker på mange ulike språk, heilt gratis!