Bruk biblioteket

Alle er velkomne i biblioteket. Du kan lesa bøker, aviser, tidsskrift, bruka PC, arbeida med studie og leksar – eller rett og slett drikka ein kopp kaffi (god og rimeleg) og slå av ein hyggeleg prat med andre bibliotekgjestar. Dersom du vil låna med deg noko heim, eller lasta ned e-bøker, til dømes heimefrå, må du ha lånekort.

Lånekort

Nasjonalt lånekort

Frå skulealder kan alle få lånekort i biblioteket. Så lenge barn går i barneskulen, skal vi ha underskrift frå ein føresett. Vi treng opplysningar om namn, adresse og fødselsdato, eventuelt telefonnummer og e-postadresse. Dei lånekorta som brukast no, kan brukast i så godt som alle bibliotek over heile landet, når du vert registrert med fullt personnummer. Dette er naudsynt dersom du vil låna e-bøker. Saman med ein fire-sifra PIN-kode, gir det deg mellom anna tilgang til å låna e-bøker i appen BookBites.

Søk og logg inn

I bibliotekkatalogen kan du mellom anna søke, bestille, reservere og fornye bøker. Førebels er nettstaden vår og katalogen vår for søk på 3 forskjellige domene. Dette får vi ikkje gjort noko med før vi får nytt biblioteksystem i september. Fram til då må du velgje om du har lånt eller skal låne i Eikelandsosen eller på Hovudbiblioteket.

Katalogen til Hovudbiblioteket på Os får du ved å trykke her.

Katalogen til biblioteket i Eikelandsosen får du ved å trykke her.