Bli med på Sommarles 2020!

Bli med på Sommarles 2020!

Aktuelt   

No er det tid for Sommarles 2020 - bli med då vel!

Sommarles.no er ein lesekampanje som varer frå 1. juni til 31. august, og som blir administrert av biblioteka i kommunane. Frå 1. juni kan alle 1.- 7. klassingar i Bjørnafjorden kommune bli med på den kulaste lesekampanjen i landet, saman med barn frå heile Noreg.

Barna kan delta uavhengig av kvar dei er – dei kan lesa på papir eller på nettbrett, høyra på lydbøker eller bli lest høgt for, dei kan låna bøker og teikneseriar i bibliotek over heile landet, og dei kan alltid logga seg inn på Sommarles.no for å registrera lesinga si, kommunisera med venar og løysa digitale oppgåver på Sommarles-sidene.

Barna får XP (poeng) for kvar side dei les, dei kan samla på digitale trofé og henta kule premiar i biblioteket!

Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år. I fjor deltok over 130 000 barn over heile landet; i Bjørnafjorden kommune om lag 900 barn. Vi ønskjer å motivera barna til å lesa så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie, så dei styrkar lesekompetansen i ein periode der lesing kanskje ikkje alltid elles kjem øvst på aktivitetslista.

Bjørnafjorden bibliotek har opna eigen YouTube-kanal for å koma med lesetips, fun facts om Sommarles og kodeord til den spennande Sommarles-forteljinga: «Asbjørn og Astrid på djupt vatn». Kvar måndag kjem nye filmsnuttar på YouTube-kanalen til biblioteket.

 

Når Sommarles.no er ferdig 31. august, blir det sjølvsagt avslutningsfest for alle som vore med! Meir om dette seinare, på nettsidene våre og på YouTube-kanalen til Bjørnafjorden bibliotek!

 

Sommarles.no gjer det gøy å lesa!

  • Det er eit direkte avspark frå lesekiosken i Lillehammer onsdag 3.juni kl 12, ein kan sjå den på YouTube-knalen til Lillehammer UNESCO- litteraturby.
  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden, og får XP (poeng) for kvar side dei les.
  • Sommarles.no er for barn i 1.- 7. klasse og varer frå 1. juni til 31. august.
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattaren Mari Moen Holsve.
  • I tillegg til XP (poeng), kan barna òg samla på digitale trofé, og kule premiar dei kan henta på biblioteket.
  • Sommarles.no er utvikla av Vestfold og Telemark fylkesbibliotek, og Snuti AS.
  • Sommarles.no blir i 2020 leia av Viken fylkesbibliotek.

 

 

PS! Finn kodeord:

Kapittel 1.

Kapittel 2. (Kjem 8.juni).