Biblioteket opnar igjen!

Biblioteket opnar igjen!

Aktuelt   

Hovudbiblioteket opnar frå 25.mai, og Eikelandsosen bibliotek frå 03.juni. Takeaway-tenesta med bestill, hent og lever held fram dei dagane biblioteket er stengt, for dei som har behov for dette. Tenesta byrjar med forsiktig opning og vi utvidar tenestene etter kapasitet.

Kva kan ein gjere i biblioteket?

  •  Du kan sjølv finne bøker på hyllene våre, og få hjelp av våre tilsette.
  • Aviskroken er tilgjengeleg for eit kortare opphald.
  • Vi ber om at opphaldstid reduserast til eit minimum.
  • Automatar for utlån og innlevering skal nyttast, personalet tar ikkje i mot bøker i skranken. Det vil seie at ein må ha med seg lånekortet sitt, og nytte pinkode. Dersom ein manglar pinkode eller kort, vil den tilsette i skranken hjelpe med å lage eit nytt kort eller pin-kode. Hugs å ta med legitimasjon.
  • Vi oppmodar til at det er ein person over 15 år besøker og lånar på vegne av heile sin husstand.
  • Barn under 15 år SKAL ha følge med ein vaksen. Ved henting av premier til Sommarles ber vi barnet velgje mellom dei utstilte premiane før ein kontaktar den tilsette i skranken.
  • Utskrift er berre tilgjengeleg frå privat telefon, nettbrett eller PC, og det er berre mogeleg å betale for utskrift med kort eller vipps. Tilsette tek ikkje i mot kontantar.
  • Dersom ein ikkje vil kome inn i biblioteket, kan ein framleis bestille bøker og anna på e-post eller telefon.
  • Institusjonar kan bestille bokkasser via e-post eller telefon.

Kva er stengt?

  • Lesesal og møterom vil vere stengt til juli.
  • Meirope er stengt til og med søndag 2.august.
  • Klassebesøk og barnehagebesøk er velkomne i august. Booking på førehand via telefon eller e-post er då pålagt.
  • PC og Playstation er ikkje tilgjengeleg.

Smittevern

  • Bruk handsprit når du besøker biblioteket. Dette vil vere tilgjengeleg fleire stader i biblioteket.
  • Hald avstand til medlånarar og tilsette i bibliotekrommet.
  • Følg gjeldande smittevernregler og oppmerkingar i bibliotekrommet.
  • Sjuke personar skal ikkje opphalde seg i biblioteket, dette gjeld tilsette og besøkande. Dersom tilsette er sjuke, vil tenesta bli vurdert stengt.
  • Biblioteket er merka med avstandstape, pleksiglass mellom tilsette og besøkande og plakatar med regler, rutinar og god hygiene er hengt opp.
  • Folkehelseinstituttet vurderer at risiko for indirekte smitte frå bøker er låg, og at tiltak som å vaske eller sette bøker i karantene ikkje er naudsynt. Derfor vil dei tilsette handtere materiale som normalt, og halde god handhygiene mellom kvar gong ein skal ta i bibliotekmateriale og før ein startar med ein annan oppgåve.
  • Vi kan slippe inn inntil 20 personar i Hovudbibliteket og 5 personar i Eikelandsosen.

Tilsette følger intern rutine med smittevern godkjent av helsemynde i Bjørnafjorden kommune. Vi vurderar tenesta fortløpande, det kan kome endringar.

Hovudbiblioteket

Måndag og torsdag: 10-15

Tysdag : 11-18

Onsdag og fredag er det berre Takeaway-bibliotek med bestill, hent og lever kl 12-15, då kan du ikkje kome inn i biblioteket, men må ringe eller sende e-post for å avtale lån på førehand.

 

Eikelandsosen

Frå onsdag 3.juni-5.juli.

Tysdag og onsdag: 11 – 15.30

Stengt tysdag 2.juni.

 

 

 

Følg med på nettstaden til Bjørnafjorden kommune og les smittevernveileder for bibliotek.

Spørsmål til smittevern i biblioteket? Ta kontakt med biblioteksjef.