Takeaway-bibliotek held fram, no er det mogleg å levera inn!

Takeaway-bibliotek held fram, no er det mogleg å levera inn!

Aktuelt   

Treng du nytt lesestoff, eller har du lånt så mykje at du vil levera noko tilbake? Biblioteket er framleis stengt for besøk, men vi opnar no for at du kan levera viss du vil, og sjølvsagt henta nye lån.
Ingenting vert purra i den tida biblioteket er stengt.

Nedanfor kan du sjå korleis du går fram på Hovudbiblioteket i Os, og biblioteket i Eikelandsosen. Fortel gjerne om tenesta til familie, venar og kjende, så flest mogleg blir kjende med tilbodet!

Hovudbiblioteket i Holtbrekka på Os

Utlån

Du kan bestilla ved å logge inn på «Meg og mitt» i katalogen med lånekortnummeret ditt og pin-kode, eller senda ein e-post med fullt namn og lånekortnummer (eller fødselsdato, dersom du ikkje hugsar lånekortnummeret) til bibliotek@bjornafjorden.kommune.no. Du kan også prøva å ringa på telefon 56 57 52 70  mellom kl. 9-15.

Det du har bestilt blir pakka i ein pose og merka med fornamnet ditt. Posen kan du henta i vindfanget i biblioteket til avtalt tid.

Vindfanget er ope:
Måndag, onsdag, fredag: kl. 12-15. (Stengt 1.mai og 21.mai)
Tysdag og torsdag: kl. 12-17.

Mykje er utlånt for tida, men søk gjerne i katalogen for å sjå kva som er inne på hyllene, før du bestiller. Dersom du ikkje heilt veit kva du vil ha, kan vi pakka ein overraskingspose til deg, ut ifrå det du kunne tenkja deg å lesa. Du kan sjølvsagt stilla deg på venteliste på bøker, og frå 11. mai kan vi bestille fjernlån til deg frå andre bibliotek.

Vi følgjer godkjende rutiner og smittevernreglar for handtering av bøker og anna materiale.

Innlevering

Den raude bokkassa for innlevering er no tilgjengeleg i vindfanget til biblioteket. Her kan du levera inn både vårt materiale, og materiale som er lånt i andre bibliotek. Du kan berre levera når vindfanget er ope, og opningstidene er:

Måndag, onsdag, fredag: kl. 12-15. (Stengt 1.mai og 21.mai)
Tysdag og torsdag: kl. 12-17

Dersom det ikkje er plass i bokkassa, kan du setta det du vil levera ved sidan av kassa, på eige ansvar. Er døra til vindfanget stengt, må du aldri sette noko frå deg utanfor!

Vi følgjer godkjende rutiner og smittevernreglar for handtering av innlevert materiale. Innlevert materiale står i 4 dagar før nokon kan låne materialet på nytt.

Eikelandsosen bibliotek i kommunetunet

Utlån

Du kan bestilla ved å logga inn på «Mine sider» med lånekortnummeret ditt og pin-kode, eller senda ein e-post med fullt namn og lånekortnummer (eller fødselsdato, dersom du ikkje hugsar lånekortnummeret) til madj@bjornafjorden.kommune.no. Du kan også prøva å ringa på telefon 56 58 01 55 mellom kl. 10-15 tysdag og onsdag.

Det du har bestilt blir pakka i ein pose og merka med fornamnet ditt. Posen kan du henta utanfor kommunetunet til avtalt tid. Vi vil berre nytta døra som vender mot Fjord’n senter. Ved regnver, ber vi deg ringe telefon 56 58 01 55 når du er utanfor.

Aktuelle hentetidspunkt er:
Tysdag og onsdag: kl. 11-15.

Mykje er utlånt for tida, men søk gjerne i katalogen for å sjå kva som er inne på hyllene, før du bestiller. Dersom du ikkje heilt veit kva du vil ha, kan vi pakka ein overraskingspose til deg, ut ifrå det du kunne tenkja deg å lesa. Du kan sjølvsagt stilla deg på venteliste på bøker, og frå 11. mai kan vi bestilla fjernlån til deg frå andre bibliotek.

Vi følgjer godkjende rutiner og smittevernreglar for handtering av bøker og anna materiale.

Innlevering

Ei boks for innlevering er tilgjengeleg utanfor kommunetunet, ved døra som vender ut mot Fjord’n senter. Her kan du levera inn både vårt materiale, og materiale som er lånt i andre bibliotek.

Du kan berre levera i dei avgrensa opningstidene, og vi ber deg behalda materiale heime, dersom desse tidene ikkje passar deg.

Du kan levera:
Tysdag og onsdag: kl. 12-15.

Bøker det ikkje er plass til i innlveringsboksa, ber vi deg ta vare på til vi opnar att.

Vi følgjer godkjende rutiner og smittevernreglar for handtering av innlevert materiale. Innlevert materiale står i 4 dagar før nokon kan låne materialet på nytt.

Denne teneste held fram til biblioteka opnar att, og så sant vi har tilsette som er friske og kan gå på jobb. Du som er sjuk eller i karantene, kan ikkje nytta tilbodet. Vi har fått tenesta godkjent av helsemynde i kommunen. Dersom du ønskjer innsyn i intern rutine for handtering av materiale med tanke på smittevern, må du gjerne be biblioteksjef  Trine Helene Pete om dette.