Vekas bok

Vekas bok

Aktuelt   

Trine Helene anbefaler «Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilegrimsår» av Haruki Murakami.

Boka handlar om Tukuru som oppdagar at alle venene frå barndommen plutseleg ikkje ønskjer meir kontakt med han. Mange år seinare drar han til heimbygda for å undersøke kva som eigentleg skjedde. Som lesar oppdagar vi at historia har mange ulike sider, og ofte settast truverdigheita ein har til Tsukuru på prøve.

Murakami er god på å skildre sorga Tsukuru ber på etter å ha mista desse venene og gjer det lett å bli engasjert gjennom heile historia. Dette er verkeleg ein bok verdt å lesa.

Du kan låne boka på biblioteket.