Tryllestavverkstad på biblioteket!

Aktuelt   

Er det for langt til butikken til Olivander? Vil du helst velje di eigen tryllestav? Er du på flukt frå "han-viss-namn-ikkje-må-nemnast" og treng noko å verne deg med?

Kom til biblioteket og lag din eigen tryllestav saman med oss.

 

I Harry Potter si verd er tryllestaven det ultimate reiskapen ingen kan klare seg utan. Derfor tar biblioteket grep og inviterer alle barn (og barnlege vaksne) til tryllestavverkstad på biblioteket.

 

Det vil også bli andre utfordringar og bryne seg på.

Er du smart nok til å løyse Professor Slurs flaskegåte? Er du rask nok til å finne alle malacruxene? Er du snill nok til å gje Dobby nye sokkar?

Biblioteket i Eikelandsosen laurdag 8.2 kl.11-14

 

Hovedbiblioteket i Os torsdag 13.2 kl.16-19