Fire skuler i Bjørnafjorden er med på eit spennande prosjekt!

Fire skuler i Bjørnafjorden er med på eit spennande prosjekt!

Aktuelt   

Gratulerer til Halhjem, Eikelandsosen, Kuventræ og Lysekloster skule som får vere med i forsøksordninga til Kulturrådet dei neste 3 åra!
Vi er sikre på at forsøket vil fremje leselyst og lesedugleik på skulene!

Rett før jul var det mogleg for alle skulene i heile Noreg å søke på ordninga. Mange av skulene i Bjørnafjorden søkte, og fire fekk vere med! Til saman fekk 200 skulebibliotek i Noreg vere med og dei fekk inn over 500 søknader! At 4 skuler i Bjørnafjorden fekk vere med er utroleg bra!

Ordninga går ut på at skulene dei neste tre åra vil motta omtrent 120 barne- og ungdomsbøker til skulebiblioteket, heilt gratis! Sjå meir om ordninga på nettstaden til Kulturrådet.

Vi håper Halhjem, Eikelandsosen, Kuventræ og Lysekloster skule får nytte godt av ordninga og at det vil fremje leselyst blant elevane!

 

Vi håper ordninga vil vare langt ut over dei 3 neste åra slik at alle skulene i Bjørnafjorden kommune kan få bøker til skulebiblioteka.